1 Då Salomo hadde fullført Herrens hus, kongsgarden og alt det andre som han hadde hug til å gjera,
2 då synte Herren seg for han andre gongen, som han hadde synt seg for han i Gibeon,
3 og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.
4 Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine,
5 så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.