13 Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?» Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag.
14 Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull.
15 Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser:
16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.
17 Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon,
18 Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet,
19 alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.