18 Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet,
19 alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.
20 Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt,
21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.
22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans.
23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.
24 Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.