22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans.
23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.
24 Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.
25 Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig.
26 Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom.
27 På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo.
28 Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.