3 og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.
4 Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine,
5 så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.
6 Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,
7 då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.
8 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?»
9 Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»