5 så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.
6 Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,
7 då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.
8 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?»
9 Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»
10 Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet,
11 gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha.