12 Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei.
13 Dei nøydde israelittane til å træla for seg
14 og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.
15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:
16 «Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.»
17 Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva.
18 Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?»