2. Mosebok 40 N78NN

Møteteltet vert reist og vigsla

1 Herren sa til Moses:

2 Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa den heilage bustaden, møteteltet.

3 Der skal du setja lovkista og hengja forhenget framfor kista.

4 Du skal setja inn bordet, og på det skal du leggja det som der skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken og setja opp lampene på han.

5 Det gullkledde røykjelsesaltaret skal du setja framfor lovkista og hengja opp teppet for døra til heilagdomen.

6 Brennofferaltaret skal du setja framfor døra til den heilage bustaden, til møteteltet.

7 Vaskekaret skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det.

8 Så skal du setja opp føregarden rundt ikring og hengja opp teppet i føregardsporten.

9 Sidan skal du ta salvingsoljen og salva heilagdomen og alt som er i han, og vigsla både teltet og alt som høyrer til der, så det vert heilagt.

10 Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og vigsla altaret, så det vert høgheilagt.

11 Og du skal salva vaskekaret og fotstykket og vigsla det.

12 Så skal du føra Aron og sønene hans bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.

13 Og du skal kle Aron i den heilage kledebunaden, salva han og vigsla han, og så skal han vera prest for meg.

14 Sønene hans skal du òg føra fram og kle i kjortlar.

15 Du skal salva dei, liksom du salva far deira, og så skal dei vera prestar for meg. Denne salvinga skal gje dei retten til prestedømet, i ætt etter ætt, for alle tider.

16 Moses gjorde så; han gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt han føre.

17 Den fyrste månaden i det andre året, den fyrste dagen i månaden, vart heilagdomen reist.

18 Det var Moses som reiste heilagdomen. Han la ned fotstykka og reiste plankane, la inn tverrstengene og sette opp stolpane.

19 Han breidde taket ut over teltheilagdomen, og ovanpå det la han dekket, så som Herren hadde sagt han føre.

20 Så tok Moses lova og la henne i paktkista, sette stengene i og sette soningsstaden oppå kista.

21 Han sette lovkista inn i heilagdomen og hengde opp forhengsteppet framfor henne, så som Herren hadde sagt han føre.

22 Han sette bordet inn i møteteltet, ved nordveggen i heilagdomen, utanfor forhenget,

23 og la brøda i rad på det for Herrens åsyn, så som Herren hadde sagt han føre.

24 Midt for bordet sette han ljosestaken, ved sørveggen i heilagdomen,

25 og han sette opp lampene for Herrens åsyn, så som Herren hadde sagt han føre.

26 Det gullkledde altaret sette han òg i møteteltet, framfor forhenget,

27 og brende velluktande røykjelse på det, som Herren hadde sagt han føre.

28 Så hengde Moses opp teppet for døra til heilagdomen,

29 sette brennofferaltaret attmed døra til den heilage bustaden, til møteteltet, og ofra brennoffer og grødeoffer på det, som Herren hadde sagt han føre.

30 Vaskekaret sette han mellom møteteltet og altaret og hadde vatn i det til å vaska seg med.

31 I det vaska Moses og Aron og sønene hans hender og føter.

32 Når dei skulle gå inn i møteteltet og stiga fram for altaret, vaska dei seg, som Herren hadde sagt Moses føre.

33 Så sette han opp føregarden kring heilagdomen og altaret og hengde opp teppet i føregardsporten. Såleis fullførte Moses verket.

Herren er i sin heilagdom

34 Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.

35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.

36 Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda.

37 Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att.

38 For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40