2. Mosebok 22 N78NN

1 Når ein mann stel ein okse eller ein sau og slaktar eller sel dei, skal han til vederlag for oksen gje fem oksar og for sauen fire sauer.

2 Vert ein tjuv teken og slegen i hel medan han bryt seg inn, skal det ikkje reknast for drap.

3 Men går det føre seg etter at sola har runne, er det drap. Ein tjuv skal gje full bot. Eig han ingenting, skal han seljast til vederlag for det han har stole.

4 Vert det stolne dyret funne hjå han, og det enno er levande, skal han bøta dobbelt, anten det er ein okse, eit esel eller ein sau.

5 Når ein mann lèt feet sitt beita på ein åker eller i ein vingard, og han slepper det laus så det kjem til å beita på annan manns åker, då skal han til vederlag gje det beste som veks på åkeren og i vingarden hans.

6 Når det kjem opp lauseld, og det fatar i ein klunger, og korn i stakk eller på rot eller heile åkeren brenn opp, då skal den som var skuld i brannen, gje vederlag.

7 Når ein mann lèt ein annan ta vare på pengar eller eigneluter for seg, og det vert stole frå huset det ligg i, då skal tjuven, så sant han vert funnen, gje dobbelt vederlag.

8 Men vert ikkje tjuven funnen, skal dei føra huseigaren fram for Gud, så det kan avgjerast om han ikkje har rett ut handa si etter det som nesten hans eig.

9 Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein okse, eit esel, ein sau eller klede eller eitkvart anna som er bortkome, og éin seier: «Han er det», då skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømer skuldig, skal gje den andre dobbelt vederlag.

10 Når ein mann set bort eit esel, ein okse eller ein sau, eller noko anna dyr, til nesten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert røva, utan at nokon ser det,

11 då skal den andre sverja ved Herren at han ikkje har rett ut handa etter det som nesten hans åtte, og det skal avgjera saka mellom dei to. Den eiden skal eigaren ta for god, og mannen skal ikkje gje vederlag.

12 Men er dyret stole, skal han gje eigaren vederlag.

13 Er det ihelrive, skal han syna det fram til prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive.

14 Når ein mann låner eit dyr av ein annan, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren er til stades, skal han gje fullt vederlag.

15 Men er eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigt, skal han likevel ha leiga.

16 Når ein mann forfører ei ung jente som ikkje er trulova, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone.

17 Men vil ikkje faren la han få henne, skal han betala så mange pengar at det svarar til brureprisen for ei ung jente.

18 Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.

19 Kvar den som har omgang med fe, skal bøta med livet.

20 Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bannlysast.

21 Du skal ikkje plaga ein innflyttar eller fara hardt fram mot han; for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

22 De må aldri vera harde mot enkjer og farlause.

23 Er du hard mot dei, og dei ropar til meg, vil eg høyra ropa deira.

24 Då skal vreiden min loga opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd, så konene dykkar vert enkjer og borna dykkar farlause.

25 Låner du pengar til ein landsmann, til ein fattig granne, då skal du ikkje vera som ein pengeutlånar mot han. Du skal ikkje krevja rente av han.

26 Tek du kappa åt landsmannen din i pant, skal du la han få henne att før sola glader.

27 For den er det einaste han har til å dekkja seg med; den skal han ha kring kroppen. Kva skal han elles liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam.

28 Gud skal du ikkje spotta, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje forbanna.

29 Det som fyller løa di, og det som dryp frå vinpressa di, må du ikkje halda att. Den fyrstefødde sonen din skal du gje meg.

30 Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt. Sju dagar skal det vera hjå mora. Den åttande dagen skal du la meg få det.

31 Heilage menneske skal de vera for meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som er ihelrivne på marka, men kasta det til hundane.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40