2. Mosebok 11 N78NN

1 Herren sa til Moses: «Endå ei plage vil eg føra over farao og Egypt; så skal han la dykk fara. Ja, ikkje berre det, men han skal driva dykk ut herifrå.

2 Sei til folket at kvar mann skal be grannen sin og kvar kvinne grannekona si om prydnadsting av sølv og gull!»

3 Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket. Men så vart òg Moses halden for ein ovstor mann i Egypt, både av mennene åt farao og av folket.

4 Moses sa: «Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara gjennom Egypt.

5 Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå den eldste sonen åt farao som sit på kongsstolen sin, til den eldste sonen åt trælkvinna som står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.

6 Og i heile Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore maken til det før og heller ikkje skal verta det sidan.

7 Men ikkje ein hund skal gøy mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Såleis skal de skjøna at Herren gjer skil på egyptarane og israelittane.

8 Då skal alle mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og så skal eg fara.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9 Herren sa til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk. Så går det for at eg kan få gjort mange under i Egypt.»

10 Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara frå landet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40