18 Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?»
19 Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.»
20 Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt.
21 Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar.
22 Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!»