9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi.
10 Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»
11 Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.
12 Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei.
13 Dei nøydde israelittane til å træla for seg
14 og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.
15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: