5 Og når dei lagar til det dei har kome heim med sjette dagen, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar om dagen.»
6 Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de skjøna at det er Herren som har ført dykk ut or Egypt.
7 Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom; for han har høyrt korleis de murrar mot han. Men kva er vel vi, sidan de murrar mot oss?»
8 «De skal få sjå det,» sa Moses, «når Herren gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød å metta dykk med i morgon tidleg. For Herren har høyrt korleis de murrar mot han. Kva er vel vi? Det er ikkje mot oss de murrar, men mot Herren.»
9 Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels-folket: Stig fram for Herren! For han har høyrt korleis de murrar.»
10 Så tala Aron til alle israelittane som var samla. Då vende dei seg mot øydemarka, og Herrens herlegdom synte seg i skya.
11 Og Herren sa til Moses: