1 Jetro, presten i Midjan, verfar til Moses, fekk høyra alt det Gud hadde gjort for Moses og for Israel, folket sitt, at Herren hadde ført Israel ut or Egypt.
2 Då tok Jetro, verfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim,
3 og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom; for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.»
4 Den andre heitte Elieser; for han hadde sagt: «Gud åt far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet åt farao.»