10 Jetro sa: «Lova vere Herren som berga dykk frå farao og egyptarane, han som fria folket frå egyptarveldet!
11 No veit eg at Herren er større enn alle gudar. Det synte han då egyptarane bar seg hovmodig åt mot Israel.»
12 Så tok Jetro, verfar til Moses, brennoffer og slaktoffer og bar fram for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og heldt måltid med han for Guds åsyn.
13 Dagen etter sat Moses og skifte rett mellom folket, og dei stod ikring han frå morgon til kveld.
14 Då verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, sa han: «Kva er det for arbeid du legg på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømer medan alle står oppover deg frå morgon til kveld?»
15 Moses svara verfar sin: «Folket kjem til meg og vil spørja Gud til råds.
16 Når dei har sak med kvarandre, kjem dei til meg, og så dømer eg mann og mann imellom og kunngjer Guds bod og lover for dei.»