19 Dei svara: «Det kom ein egyptar og hjelpte oss mot gjætarane. Han auste opp vatn for oss og brynnte småfeet.»
20 «Kvar er han så?» spurde faren. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Bed han inn, så han kan få seg mat!»
21 Moses gjekk med på å vera hjå mannen, og han lét Moses få Sippora, dotter si, til kone.
22 Ho fekk ein son, og Moses kalla han Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land,» sa han.
23 Så gjekk det ei lang tid, og kongen i Egypt døydde. Israelittane sukka og klaga under trældomen, og naudropa deira steig opp til Gud.
24 Gud høyrde korleis dei sukka, og kom i hug den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob.
25 Og Gud såg til israelittane og tok seg av dei.