20 «Kvar er han så?» spurde faren. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Bed han inn, så han kan få seg mat!»
21 Moses gjekk med på å vera hjå mannen, og han lét Moses få Sippora, dotter si, til kone.
22 Ho fekk ein son, og Moses kalla han Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land,» sa han.
23 Så gjekk det ei lang tid, og kongen i Egypt døydde. Israelittane sukka og klaga under trældomen, og naudropa deira steig opp til Gud.
24 Gud høyrde korleis dei sukka, og kom i hug den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob.
25 Og Gud såg til israelittane og tok seg av dei.