4 Syster hans stod eit stykke unna og skulle sjå korleis det gjekk med han.
5 Då kom dotter åt farao ned til Nilen og ville lauga seg, medan jentene hennar gjekk att og fram på elvebakken. Ho fekk auga på kista i sevet og sende trælkvinna si etter henne.
6 Så hadde ho opp loket og såg barnet, ein liten gut, som låg og gret. Ho tykte synd i han og sa: «Det er eit av hebrearborna.»
7 Då kom syster hans og sa til dotter åt farao: «Skal eg gå og finna ei hebrearkone som gjev bryst, så ho kan fostra opp barnet for deg?»
8 «Ja, gjer det!» svara kongsdottera. Så gjekk jenta og henta mor til guten.
9 Kongsdottera sa til henne: «Ta denne guten og fostra han opp for meg! Eg skal løna deg for det.» Så tok kona guten og fostra han opp.
10 Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdottera med han, og han vart som ein son for henne. Ho kalla han Moses; «for eg har drege han opp or vatnet,» sa ho.