9 Kongsdottera sa til henne: «Ta denne guten og fostra han opp for meg! Eg skal løna deg for det.» Så tok kona guten og fostra han opp.
10 Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdottera med han, og han vart som ein son for henne. Ho kalla han Moses; «for eg har drege han opp or vatnet,» sa ho.
11 Ei tid etter, då Moses var vaksen vorten, gjekk han ein gong ut til frendane sine og såg korleis dei træla og sleit. Der fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av frendane hans.
12 Moses såg seg vel ikring, og då han ikkje vart var nokon, slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden.
13 Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som heldt på og slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du landsmannen din?»
14 Mannen svara: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Tenkjer du kanskje å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er det kjent likevel!»
15 Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få drepe Moses. Men han rømde for kongen og slo seg ned i Midjan. Der heldt han til attmed ein brunn.