1 Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjer ikkje sams sak med ein gudlaus, så du sjølv vert eit urettferdig vitne!
2 Fylg ikkje mengda i det som er vondt! Når du vitnar i ei sak, gjev då ikkje etter for det mengda vil, så du rengjer retten!
3 Om det så gjeld småkårsfolk, skal du ikkje pynta på saka deira.
4 Når du finn ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har vildra seg bort, skal du få dei attende til han.
5 Når du ser at eselet åt uvenen din sig under kløva, må du ikkje tenkja på å gå frå han; du skal hjelpa han med å løysa kløva.
6 Reng ikkje retten for fattigfolk på tinget!
7 Hald deg borte frå ei rang sak, så du ikkje lèt ein rettferdig og skuldlaus mann missa livet! For eg vil ikkje frikjenna den som gjer vondt.