12 Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan ha ro og trælkvinnesonen og innflyttaren får kvila ut.
13 Alt det eg har sagt dykk, skal de halda dykk etter. Namnet åt andre gudar må de ikkje nemna. Du må ikkje ta det på tunga.
14 Tre gonger om året skal du halda høgtid for meg.
15 Fyrst er det usyrdebrødshelga. I sju dagar skal du eta usyrt brød, så som eg har sagt deg, på den tid eg har fastsett, i abib månad. For då tok du ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.
16 Så er det skurdhelga, når du haustar inn den fyrste grøda av det du sådde på åkeren, og hausthelga, når året er ute, og du samlar i hus det du har avla på marka.
17 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren Gud.
18 Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natta over.