15 Fyrst er det usyrdebrødshelga. I sju dagar skal du eta usyrt brød, så som eg har sagt deg, på den tid eg har fastsett, i abib månad. For då tok du ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.
16 Så er det skurdhelga, når du haustar inn den fyrste grøda av det du sådde på åkeren, og hausthelga, når året er ute, og du samlar i hus det du har avla på marka.
17 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren Gud.
18 Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natta over.
19 Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.
20 Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut.
21 Gjev akt på han og høyr på det han seier! Set deg ikkje opp mot han! Han vil ikkje tola brota dykkar; for namnet mitt er i han.