10 Til omhenget skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
11 Like eins skal det på nordre langsida vera eit omheng som er hundre alner langt. Til det skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
12 På den eine tverrsida av føregarden, mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner. Til det skal det vera ti stolpar med fotstykke.
13 Den andre tverrsida av føregarden, framsida som vender mot aust, skal vera femti alner.
14 Her skal det vera femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke,
15 og på den andre kanten femten alner omheng med tre stolpar og tre fotstykke.
16 I porten til føregarden skal det vera eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Det skal vera tjue alner langt og vove i mange leter. Til forhenget skal det vera fire stolpar med fotstykke.