1 Du skal kalla Aron, bror din, og sønene hans fram or Israels-lyden og setja dei til prestar for meg – Aron og sønene hans, Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
2 Og du skal laga heilage klede åt Aron, bror din, til ære og prydnad.
3 Sei til alle som skjønar seg på kunst, alle som eg har fylt med kunstnarånd, at dei skal laga den kledebunaden som Aron skal ha på seg når han vert vigd til å vera prest for meg.
4 Desse kleda skal dei laga: brystduk, efod, kappe, rutet kjortel, hue og belte. Det er den heilage kledebunaden som dei skal laga til Aron, bror din, og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg.
5 Til det skal dei bruka gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn.
6 Efoden skal dei laga av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Han skal vera i kunstvevnad.
7 Efoden skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held han i hop.