18 i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,
19 i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst,
20 og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei skal setjast inn i flettverk av gulltråd.
21 Steinane skal vera tolv i talet, etter namna på Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave liksom på eit signet.
22 Til brystduken skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer.
23 Like eins skal du laga to gullringar til brystduken. Dei skal du setja i kvar sitt hjørne på han.
24 Dei to gullsnorene skal du festa i dei to ringane på hjørna av brystduken.