32 Midt på henne skal det vera ei halsopning med ei voven bord ikring, liksom rundt opninga i ei brynje, så ho ikkje skal rivna.
33 Nedst kring kappefalden skal du setja granateple av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, og mellom dei gullbjøller heilt ikring.
34 Fyrst skal det vera ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, og sameleis nedst rundt heile kappefalden.
35 Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste, så det kan høyrast når han går inn i heilagdomen og stig fram for Herrens åsyn, og når han går ut att – så han ikkje skal døy.
36 Du skal laga ei plate av reint gull. I den skal du grava inn som i eit signet: «Helga til Herren.»
37 Du skal festa henne til ei snor av fiolett ull, og ho skal sitja på hua; framme på hua skal ho sitja.
38 Aron skal ha henne over panna si, så han kan bera den synda som heng ved dei heilage offera israelittane vier til Herren, ved alle dei heilage gåvene dei ber fram. Ho skal alltid sitja over panna hans, så gåvene kan vera til hugnad for Herren.