8 Beltet som han skal spennast fast med, skal vevast på same måten som efoden og i eitt med han. Det skal vera av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.
9 Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene,
10 seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.
11 På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd.
12 Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei.
13 Du skal laga flettverk av gulltråd
14 og to kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer. Desse kjedene skal du festa til flettverka.