20 Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.
21 Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.
22 Så skal du ta det feitaste av veren, halen, feittet på innvolen, leverlappen, begge nyrene med talga som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsver.
23 Or korga med usyrt brød som står for Herrens åsyn, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og ein brødleiv.
24 Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det for Herrens åsyn.
25 Du skal ta det or hendene deira og brenna det på altaret saman med brennofferet til godange for Herren. Det er eit eldoffer for Herren.
26 Så skal du ta brystet av vigslingsveren åt Aron og svinga det for Herrens åsyn. Det skal vera din del.