6 setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua.
7 Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.
8 Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane,
9 spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve.Når du set inn Aron og sønene hans,
10 skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen.
11 Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra.
12 Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten.