1 Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.
2 Det skal vera ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.
3 Kled det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og lag ein gullkant på det heilt ikring.
4 På begge sider skal du setja to gullringar nedanfor kanten. Du skal setja dei på kvar side. Dei skal vera til å smøya stenger inn i, så altaret kan berast.
5 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.