18 pluggane og snorene til heilagdomen og føregarden,
19 embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta.
20 Så gjekk heile Israels-lyden bort frå Moses.
21 Sidan kom dei, alle som kjende seg drivne til det, alle som kjende trong til det, og bar fram gåver for Herren til arbeidet på møteteltet og til all tenesta der og til dei heilage kleda.
22 Dei kom, både menn og kvinner, alle som gjerne ville ofra, med spenner, øyreringar, fingerringar og halskjeder, alle slag saker av gull. Alle kom dei med den gåva av gull som dei ville via til Herren.
23 Og alle som hadde fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn og delfinskinn, kom med det.
24 Alle som ville gje ei gåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet.