29 Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren.
30 Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta
31 og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,
32 så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse,
33 slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk.
34 Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta.
35 Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk.