10 Fem av dukane skøytte dei i hop, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.
11 I kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket.
12 Femti hemper sette dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat midt for kvarandre.
13 Og dei laga femti gullkrokar. Med dei hekta dei begge dukane saman, så det vart éin teltheilagdom av dei.
14 Dei vov dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar vov dei.
15 Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane heldt same målet.
16 Fem av dukane skøytte dei i hop for seg, og seks for seg.