26 med førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke.
27 Til baksida av heilagdomen, mot vest, laga dei seks plankar.
28 Og til kvart hjørne på same sida laga dei to plankar.
29 Dei var doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Såleis laga dei plankane i dei to hjørna.
30 Det vart åtte plankar med fotstykke av sølv, seksten fotstykke, to til kvar planke.
31 Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen,
32 fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest.