12 Til bordet laga han ei list. Ho var brei som ei hand og gjekk heilt ikring. Rundt lista laga han ein gullkant.
13 Han støypte fire gullringar til bordet og feste dei i dei fire hjørna på dei fire føtene.
14 Tett attmed lista sat ringane. Dei var til å smøya berestenger inn i.
15 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.
16 Av reint gull laga han dei kara som skulle stå på bordet, fata og skålene, og dei bollane og kannene som skulle brukast til drikkofferet.
17 Ljosestaken laga han av reint gull. Hamra arbeid var det, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane gjekk i eitt med han.
18 Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.