18 Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19 På den eine armen var det tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera var på skap som ein mandelblom. Såleis var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
20 På sjølve staken var det fire beger med knuppar og blomar. Dei var på skap som ein mandelblom.
21 Det var ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane gjekk i eitt med staken. Det var ein knupp under kvart par av dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
22 Knuppane og armane gjekk i eitt med staken. Heile ljosestaken var eitt einaste stykke hamra arbeid og av reint gull.
23 Han laga dei sju lampene til ljosestaken og ljosesaksene og pannene av reint gull.
24 Ein talent reint gull bruka han til ljosestaken og alle dei reiskapane som høyrde til.