20 Alle pluggane til teltet og føregarden, heilt rundt, var av bronse.
21 Her er rekneskapen for heilagdomen, bustaden åt lova. Moses baud levittane setja han opp, og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med arbeidet.
22 Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses,
23 og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.
24 Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
25 Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt,
26 ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann.