27 Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke.
28 Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop.
29 Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel.
30 Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret,
31 fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt.