3 Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse.
4 Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret.
5 Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i.
6 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.
7 Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.
8 Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra.
9 Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.