6 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.
7 Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.
8 Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra.
9 Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.
10 Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
11 På nordsida laga han òg omheng, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
12 På vestsida laga han omheng på femti alner. Til dei var det ti stolpar med fotstykke. Hakane på stolpane og stengene var av sølv.