10 Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og vigsla altaret, så det vert høgheilagt.
11 Og du skal salva vaskekaret og fotstykket og vigsla det.
12 Så skal du føra Aron og sønene hans bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.
13 Og du skal kle Aron i den heilage kledebunaden, salva han og vigsla han, og så skal han vera prest for meg.
14 Sønene hans skal du òg føra fram og kle i kjortlar.
15 Du skal salva dei, liksom du salva far deira, og så skal dei vera prestar for meg. Denne salvinga skal gje dei retten til prestedømet, i ætt etter ætt, for alle tider.
16 Moses gjorde så; han gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt han føre.