2 Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa den heilage bustaden, møteteltet.
3 Der skal du setja lovkista og hengja forhenget framfor kista.
4 Du skal setja inn bordet, og på det skal du leggja det som der skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken og setja opp lampene på han.
5 Det gullkledde røykjelsesaltaret skal du setja framfor lovkista og hengja opp teppet for døra til heilagdomen.
6 Brennofferaltaret skal du setja framfor døra til den heilage bustaden, til møteteltet.
7 Vaskekaret skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det.
8 Så skal du setja opp føregarden rundt ikring og hengja opp teppet i føregardsporten.