1 Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.»
2 Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.
3 Eg synte meg for Abraham, Isak og Jakob som Gud Den Allmektige, men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei.
4 Og eg gjorde mi pakt med dei og lova dei Kanaan, det landet dei budde i som framande og utlendingar.
5 No har eg høyrt korleis israelittane sukkar fordi egyptarane held dei i trældom, og eg kjem pakta mi i hug.
6 Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet som egyptarane har lagt på dykk, fria dykk frå trældomen og løysa dykk ut med fast arm og med veldige straffedomar.
7 Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. De skal få kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som løyser dykk frå tvangsarbeidet i Egypt.