3 Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.
4 Herren sa til han: «Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel.
5 Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.»
6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne ’Utan miskunn’! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd.
7 Men Judas ætt vil eg miskunna meg over og la dei verta frelste ved Herren deira Gud. Eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og hestfolk.»
8 Då ho hadde vant av ’Utan miskunn’, vart ho med barn att og fekk ein son.
9 Herren sa: «Kall han ’Ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.»