Hosea 5 N78NN

Folk og førarar har svikta

1 Høyr dette, de prestar,lyd etter, du Israels ætt!Kongehus, vend øyra til!For de har ansvar for retten,men de har vorte ¬ei snare for Mispa,eit utspent nett på Tabor

2 og ei djup fallgrav i Sjittim.Men eg vil tukta dei alle.

3 Eg kjenner Efraim,og Israel er ikkje løynd for meg.For no har du drive utukt, ¬Efraim,Israel har gjort seg urein.

4 Deira gjerningar hindrar deii å venda om til sin Gud.For dei har ei utuktsånd ¬i hjartaog kjenner ikkje Herren.

5 Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv,Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd,og Juda skal snåva med dei.

6 Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe,og søkjer Herren,finn dei han ikkje;han har vendt seg bort frå dei.

7 Dei har vore trulause ¬mot Herren,for dei har fått uekte born.No skal nymånen gjera endebåde på dei og jorda deira.

Herren er som ei løve mot Efraim

8 Lat hornet gjalla i Gibea,blås i trompet i Rama,lyft hærrop, Bet-Aven!Dei er etter deg, Benjamin!

9 Efraim skal verta ei øydemarkden dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjortdet som visseleg skal henda.

10 Juda-hovdingane har vortelik folk som flytter ¬merkesteinar.Over dei vil eg ausa utmin harme liksom vatn.

11 Efraim er trælka,retten er trakka under fot;for folket gav seg til å fylgjadet som ingenting er.

12 Eg er som verkjesår for Efraim,som ròtenskap for Juda-ætta.

13 Då Efraim såg sjukdomen sin,og Juda merka såret sitt,gjekk Efraim til Assurog sende bod til storkongen.Men han kan ikkje ¬gjera dykk friskeog ikkje lækja dykkar sår.

14 Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim,som ei ungløve mot Juda-ætta.Ja, eg riv sund og går min veg,eg slepar bort, og ingen bergar.

15 Eg går min vegattende til min stadtil dess dei vedkjennest ¬si skuldog søkjer mitt åsyn.I si naud skal dei leita ¬etter meg.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14