Hosea 4 N78NN

Herrens klagemål mot eit trulaust folk

1 Høyr Herrens ord, ¬de Israels søner!Herren har sak med dei ¬som bur i landet.For det er inga sanning i folketog ingen truskap ¬og gudskjennskap.

2 Dei sver og lyg, myrdar og stel,bryt ekteskapet og fer ¬med vald;mord fylgjer på mord.

3 Difor skal landet visna,og alle som bur der, ¬tærast bort;både dyra på marka ¬og fuglane i lufta,jamvel fisken i havet ¬skal rydjast ut.

4 Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon.Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest.

5 Du skal falla om dagen,og profeten skal falla ¬med deg om natta;og mor di vil eg tyna.

6 Folket mitt skal gå til grunnefordi det ikkje kjenner Gud.Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han,vrakar eg deg som prest.Du gløymde lova åt din Gud,difor gløymer eg òg ¬dine søner.

7 Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg,si ære bytte dei bort i skam.

8 Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira ¬misgjerning.

9 Difor går det presten ¬som folket;eg vil straffa han for hans ferdog løna han ¬for hans gjerningar.

10 Dei skal eta og ikkje mettast,driva utukt og ikkje auka i tal;for dei har vendt seg bort ¬frå Herrenog bryr seg ikkje om han.

11 Utukt, vin og annan rusdrikkgjer ende på vitet.

12 Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds,og spådomsstaven ¬gjev dei svar.For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt,i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud.

13 Øvst oppå fjella ofrar dei;dei brenner offer på haugane,under eiker, poplar ¬og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene ¬dykkar utukt,og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

14 Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkarfordi dei driv utukt,eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet;for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinnerog ofrar saman ¬med tempelskjøkjer.Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla.

15 Om du driv utukt, Israel,må ikkje Juda føra skuld ¬over seg!Gå ikkje til Gilgal,far ikkje opp til Bet-Aven,og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!»

16 For Israel er trassig ¬som ei ustyrleg ku.Skal då Herren la dei beitasom lam på vide marker?

17 Efraim er bunden ¬til gudebilete– lat han berre fara!

18 Når deira drikkelag er slutt,går dei bort og driv utukt.Dei elskar skamma ¬åt dei skamlause.

19 Ein storm skal gripa dei ¬med sine venger,dei skal verta til skammar ¬med sine offer.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14