Hosea 10 N78NN

Israel skal tuktast for si doble skuld

1 Israel var eit frodig ¬vintre,som bar mykje frukt.Di meir frukt det bar,di fleire altar bygde dei.Di betre det gjekk deira land,di fagrare steinstøtter laga dei.

2 Hjarta deira er falskt,no skal dei få bøta.Herren skal bryta ned ¬deira altarog øydeleggja ¬deira steinstøtter.

3 Ja, no må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje hatt age ¬for Herren.Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»

4 Dei har tala tome ord,svore falskt og gjort pakt.Domen renn opp ¬som giftige planteri åkerfòrene.

5 Dei som bur i Samaria,er redde for kalven ¬i Bet-Aven.Folket syrgjer over han,og prestane hans klagar,for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei.

6 Kalven òg skal førast til Assyriasom ei gåve til storkongen.Skam skal Efraim få,Israel skal verta til skammarpå grunn av sine planar.

7 Kongen i Samaria skal kvervasom ei treflis på vatnet.

8 Øydast skal Avens ¬offerhaugar,der israelittane synda.Torn og tistel skal veksaoppetter altara deira.Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss!og til haugane: Fall over oss!

9 Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar.Den gongen gjorde dei opprør.Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea?Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,

10 etter min hug vil eg tukta dei.Folkeslag skal samla seg ¬mot deinår dei vert tukta ¬for si doble skuld.

11 Efraim var lik ei tamd kvigesom gjerne ville treskja.Men eg la åk ¬på hennar fagre hals.Eg spente Efraim føre,Juda pløgde, og Jakob horva.

12 Så rettferds sæde,og hausta truskaps frukt,bryt dykk nybrot!For no er det tid ¬til å søkja Herren,før han kjemog lèt rettferd regna over dykk.

13 De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett,og den frukta de et, er lygn.For du sette lit til di ferdog til alle dine krigarar.

14 Difor skal det reisa segstridsgny i ditt folk,og alle dine borger ¬skal øydeleggjast,liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbelpå stridens dag, ¬då mor og born vart knuste.

15 Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betelfordi dykkar vondskap er stor.Når det ljosnar av dag,er det ute, ja ute ¬med Israels konge.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14