1 Når Efraim tala, ¬vart alle redde,han stod høgt i Israel.Men han dyrka Ba’al;såleis førte han skuld over seg ¬og døydde.
2 Og no held dei fram ¬med å synda.Dei lagar støypte bilete ¬av sitt sølvog avgudar ¬etter sitt eige hovud– alt er det gjort ¬av handverkarar.Folk seier om dei:«Dei som ofrar menneske, ¬kysser kalvar.»
3 Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky,lik dogg som tidleg kverv,lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen,lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren.
4 Eg er Herren din Gud,heilt frå du var i Egypt.Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg,forutan meg ¬finst det ingen frelsar.
5 Eg tok meg av deg ¬i øydemarka,i det heite og turre landet.
6 Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette.Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte,difor gløymde dei meg.