10 No vil eg kle henne nakenbeint for augo ¬på hennar elskarar,og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand.
11 Eg gjer ende ¬på all hennar glede,hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar,alle hennar høgtider.
12 Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre.Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn,som mine elskarar gav meg.»Eg gjer dei til villskog,og dyra på marka skal eta dei.
13 Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagardå ho brende offer ¬for Ba’al-gudane,pynta seg med ringar og kjederog gjekk etter sine elskarar,men gløymde meg,lyder ordet frå Herren.
14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.
15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al.