4 Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon.Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest.
5 Du skal falla om dagen,og profeten skal falla ¬med deg om natta;og mor di vil eg tyna.
6 Folket mitt skal gå til grunnefordi det ikkje kjenner Gud.Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han,vrakar eg deg som prest.Du gløymde lova åt din Gud,difor gløymer eg òg ¬dine søner.
7 Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg,si ære bytte dei bort i skam.
8 Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira ¬misgjerning.
9 Difor går det presten ¬som folket;eg vil straffa han for hans ferdog løna han ¬for hans gjerningar.
10 Dei skal eta og ikkje mettast,driva utukt og ikkje auka i tal;for dei har vendt seg bort ¬frå Herrenog bryr seg ikkje om han.